Bjordalen kan tilby fellesone for den tradisjonelle sportfiskaren / familiefiskaren, og flugesone for spesialisten.

Ørretfiske Fluge
Grinvatna Flugesone
Er 3 småvatn som ligg lett tilgjengeleg for sportsfiske rett ved anleggsvegen. 2 av desse er no lagt ut eksklusivt til eiga flugesone, det tredje og største Grindevatnet vil komma med etterkvart. Vatna ligg ca 1375 m.o.h, er omkransa av lett og karrig høgfjellsterreng, lett å vandra i mellom vatna og veldig flotte vatn for flugefiske frå land. Lite vegetasjon langs land gir god tilgang sjølv utan vadebukser.

Spennande og klare fiskevatn med marbakkekantar og dropp som gjer at fisken ofte trekker langs land. Vatna er ca 20 – 40 mål store og du fiskar gjennom dei på ca 2 timar. Om fisken er i støtet får du ei oppleving du seint vil gløyma, og kilosane er det mange av.

Fisketips / Klekking:
Vårfluger dominerer, og det kan somme tider være store mengder med Bibio i august. Flugemønstre som Daddy longleg og tradisjonelle Britiske fluer for lakefishing fungerar svært godt. Bustefluger med sterke fargar fungerar svært godt i vindvær. Det krystallklare vatnet kan gjera fisken lettskremt, så littvindvær kan vera bra.

Ørretfiske Fellessone:
I fellessona har du muligheit til å fiske i 15 – 20 små og store høgfjellsvatn frå 1300 – 1500 m.o.h, omkransa av lett og karrig høgfjellsterreng. I stort sett alle vatn og småtjern er det ørret og dei fleste vatna kan by på framifrå kvalitet og fin størrelse. Ca 400 g i snitt for heile området. Vatna produserar ca 350 kg årleg og det har blitt teke fisk oppimot 1,5 kg. Vatna ligg spredd utover vidda med 5 – 6 større vatn og mindre vatn rundt. Ørret i alle kategoriar, stor variasjon på storleiken på vatna og båt i fleire av desse.

Fleire av vatna er godt eigna som kombinasjonsvatn fluge / sluk. Dei djupaste og høgastliggande vatna eignar seg helst til sluk og dorging. Båtane er tilknytta hyttene du leiger. I 2 av fiskevatna tilbyr vi i tillegg til sportfiske, gratis garnfiske med garn inkludert. Avstand til fiskevatna varierar frå rett ved anleggsveg, til 5 km til det vatnet som er lengst unna. Her ligg også Gjetarhytta. Du vil garantert få ein naturopplevelse du seint gløymer.

Dersom du vil ha meir detaljert beskrivelse sjå eiga nettside.

Fiskefakta
Fiskereglar Flugesone Grindevatntjerna:

Kun flugefiske med mothakeløse krokar.
– Maks krokstørrelse no 10
– All fisk over 35 cm skal setjast tilbake pga. mål om auka kvalitet.
– Kvote på 1 fisk under 35 cm for begge vatna pr. fiskedag. Når 1 fisk er avliva, skal fiske opphøyra til neste dag.
– Det er kun lov å bruka mothakeløse krokar, ( mothakane skal vera nedklemt )
– Det skal brukast håv, nettet i håven skal vera knutefritt.
– Ved vading skal det visast omsyn til vatnes bunnvegetasjon og andre fiskarar.
– Det største Grindevatnet ligg enn så lenge under fellessona, men vil komma med i flugesona etterkvart. Her kan flugefiskaren driva retta uttak av den størrelsen av fisken som skal takast ut, feit fisk i god vekst/kondisjon skal setjast tilbake, all fisk under 30 cm skal avlivast og større og slank fisk med stort hode skal avlivast.

Fisketider Flugesone:
Fisketid frå 08.00 til 22.00. Fiske utanom dette tidsrom må skje i fellessona.

Generelle Fiskereglar:
– Alle som er fylt 16 år og som vil utøva fiske med stang/oter må løysa fiskekort.
– Det er ikkje lov å nytta annan fiskereiskap enn stong i småtjerna, i flugesona er det eigne reglar.
– I Kaldevatn, Nedre Bjordalsvatn og Mjåvatn er det lov å bruka oter, i Øvre og Nedre Skardalstjern er det i tillegg lov med garn.
– Det er forbode å nytta levande fisk som agn.
– Det er forbode å flytta fisk frå eit vatn til eit anna.
– Ikkje kast søppel i naturen.

Fiskesesong:
Normalt frå 10 juli – 15 sept. alt etter snøforhold. Ellers er det ikkje nokon fisketidsbegrensing i fellessona.