Det er fire utleigehytter tilgjengelege, som ligg spredt innover fjellet, heilt frå vanleg enkel standard til ei høgstandarhytte. Tre av hyttene ligg meir i heimfjella ved anleggsvegen, den fjerde ligg lenger inn på vidda. Det er ikkje innlagt vatn i nokon av hyttene, dette må hentast i nærliggjande bekk eller vatn. Ved fleire av hyttene følgjer det med båtrett. Fleire av hyttene har veg til døra.

Me ynskjer at det skal vera reint og pent på våre overnattingshytter. Leigetakar står sjølv for vask og reinhald ved utsjekking.

Bjordalsyn ( 1410 M.O.H )
Ligg flott til ved Bjordalshaugen og inngangen til sjølve Bjordalen, veg til døra. Som hyttenamnet tilseier, ei utrulig utsikt. Gangavstand til fiskevatn og flugesone, og midt i «rike» med tanke på fiske og jakt. Til denne hytta er det og båtrett i Kaldevatn. Hytta er omlag 55 kvadratmeter. Består av kombinert stove / kjøkkenkrok, tre soverom med sengplass til 7, vaskerom med dusj ( 12V dusj, må varme vatn på komfyr), bod, uteplass, toalettrom. Vedovn inkl. ved, propankomfyr / kjøleskap, alt av koke / kjøkkenutstyr, strøm basert på solenergi.

Skardalshytta ( 1320 M.O.H )
Ligg ved nedre Skardalstjern, 200 m gangavstand frå veg. Dette er ein koseleg og lun plass med tjernet eit steinkast frå hytteveggen. Fin plass for småbarnsfamilie. Hytta er omlag 35 kvadratmeter, med tilhøyrande vedhus og utedo. Består av kombinert opphalds / kjøkkenkrok, 1 soverom for 4 ( 5 dersom ein er to i familiekøya ). Vedovn inkl. ved, propankokeplater, alt av koke / kjøkkenutstyr, stearin og propanplater.

Gjetarhytta ( 1480 M.O.H )
Er ei mindre hytte ved Nedre Bjordalsvatn med naust og båtrett. Ca 5 km gange frå veg. Eit eldorado for dei som vil skikkeleg inn på vidda. Hytta er omlag 10 kvadratmeter med tilhøyrande uthus, båt og naust. Består av eit rom med kjøkkenkrok og 4 sengeplassar. Parafinovn til oppvarming, propankokeplater, alt av koke / kjøkkenutstyr, stearin og parafinlamper.

Steinbui ( 1200 M.O.H )
Ligg nede i sjølve Bjordalen. Opprinneleg ein gamal støl, veg til døra. Omlag 4 km tilbake med bil til nærmaste fiskevatn. Koselig og nostalgisk med enkel standard. Steinbua vart totalrestaurert i 1999 med bla. nytt golv, og panel på vegger og tak, totalt 9 kvadratmeter. Består av eit rom med kjøkkenkrok og 3 sengeplassar. Vedovn inkl. ved, propankokeplater, alt av koke / kjøkkenutstyr, stearin og parafinlamper.