FOR SPORTSFISKERE SOM ØNSKER ET UTFORDRENDE OG SPENNENDE
ØRRETFISKE OMGITT AV ET VAKKERT HØYFJELLSTERRENG.

Bjordalen ligg i Borgundsfjella i Lærdal kommune. Området ligg i hjarte av Skarvheimen, midt i mellom Bergen og Oslo og høyrer til ein av Nesegårdane i Lærdal og strekjer seg frå Lærdalsdalen i vest og heilt til fylkesgrensa med Buskerud i aust. Dette er eit privateigd område på ca 63 tusen dekar der store delar er lettgått og kupert høgfjellsterreng. Det er anleggsveg med bom inn i området, denne er omlag 20 km. Dette fører til at området er lett tillgjengeleg, men også stilt og roleg med eit begrensa antall personar til ein kvar tid.

Eit fiskekort hjå oss i Bjordalen gjev tilgang til eit spennande sportsfiske på ørret for alle typar sportfiskarar. Du har muligheit til å fiska i 15 – 20 små og store høgfjellsvatn frå 1300 – 1500 m.o.h. Vatna ligg spredt utover vidda med 5 – 6 større vatn og mindre vatn rundt. No også med eigen flugesone i Grindevatna for spesialistfiskarane

Det er fleire utleigehytter tilgjengelege som ligg innover fjellet, heilt frå vanleg enkel standard til ei høgstandarhytte.

Fiskekorta blir fortrinnsvis solgt som pakkeløysing i saman med hyttene, fleire av hyttene har veg til døra.

Sjå også eiga nettside for enda meir detaljert informasjon : www.bjordalen.no

bjordalen-background